Båtar med sjel III

348 kr

Boka handlar om 71 fiske og  fraktabåtar frå Vestlandet.

Forfatter: Malvin Toft  med flere

Forlag: Selja forlag

1 på lager

Varenummer: 9788282400152 Kategori:
   

Beskrivelse

Eit kjekt gjensyn med trauste slitarar frå Stavanger i sør til Kristiansund i nord.

Anna, Laila og Maria. Førde, Værland og Borgarøy. Eller meir eksotiske namn som Ceylon, Onyx ogShamrock. Alle har det til felles at det er båtnamn, namn på trauste slitarar som har baska seg fram i all slags vêr oppetter eller nedetter norskekysten, eller ut på dei store hav, i jakta på dei gode fangstane.

Denne boka er nummer tre i serien. “Båtar med sjel” (2002) og “Båtar med sjel II” (2007) fortalde om til saman 145 båtar frå Sogn og Fjordane. Her kjem 71 til, denne gongen frå heile Vestlandskysten, frå Stavanger til Kristiansund. Den eldste båten vart bygd i 1885, den nyaste over hundre år seinare. Dei fleste båtane ligg no på havets botn, men kring ti av båtane finst enno, mellom dei fleire “veteranbåtar”.

Forfattarar er Hans H. Steinsund, Malvin Toft, Johan Ottesen, Magnus H. Torvanger, Øystein Sandøy, Per Kåre Nybakk, Harald Leite og Kjell Askeland.